Opplevingar på høgste nivå
Følg reisa vår heilt mot toppen, eller klikk på pila under og hopp til meir informasjon og ofte stilte spørsmål og svar.

Til topps – for alle

Frå bygda til utsikta

Brøyting mot vêr og vind: Slik opnar vi Nibbevegen
Sjå korleis vi har det 1 500 meter over havet
Det er mykje å fortelje om oss. Geiranger Skysslag blei etablert i 1907, og vi har heile tida arbeidd for å vise verda området vi har våre kvardagar i.
Ofte stilte spørsmål
Her finn du svar på vanlege spørsmål om oss, og korleis vi bidreg til lokalsamfunnet.
Geiranger Skywalk Dalsnibba er Europas høgste fjordutsiktspunkt frå bilveg, 1 500 meter over havet. Utsiktsplattforma vart opna i 2016 og gir besøkande ei fantastisk oppleving med utsyn over UNESCO verdsarvområdet Geirangerfjorden. Med rister i underlaget og glasrekkverk får du ei svevande kjensle medan du nyt panoramautsikta over fjord, fjell og fleire tusen år med forteljingar frå landskapet.
Geiranger Skywalk Dalsnibba er eigd og drive av Geiranger Skysslag AS, eit lokalt selskap med røter i bygda. Selskapet er 100% lokalt eigd, og har lang tradisjon for å utvikle og drifte Nibbevegen og utsiktspunktet. Dette sikrar at verdiskapinga kjem lokalsamfunnet til gode og at opplevinga er autentisk og forankra i lokal kultur og historie
Ideen om å byggje veg til Dalsnibba kom allereie i 1857. Etter kvart som teknologien utvikla seg, blei det mogleg å realisere denne ambisiøse planen. Nibbevegen stod ferdig i 1939 og var eit av dei mest imponerande vegprosjekta i Noreg på den tida. Dette var eit pionerprosjekt drive fram av lokale eldsjeler som såg potensialet i å gjere høgfjellsopplevinga tilgjengeleg for fleire.
Vi er stolte av å vere miljøfyrtårnsertifiserte og jobbar kontinuerleg med berekraftstiltak. Dette inkluderer god avfallshandtering, energieffektivisering i bygga våre, og fokus på lokal mat i kafeen. Som ein del av verdsarvområdet har vi eit særleg ansvar for å ta vare på den unike naturen rundt oss.
Nibbevegen er ein privat veg. Billettane du kjøper i bommen går direkte til vedlikehald og drift av vegen og anlegget på Dalsnibba. Vedlikehald i dette høgfjellsområdet er krevjande med korte sesongar og tøft klima, og inntektene sikrar at vi kan halde denne unike opplevinga tilgjengeleg for gjestene våre år etter år.
Det som gjer oss unike er kombinasjonen av den ekstreme høgda (1500 moh.), den lette tilgangen med bil eller buss, og den spektakulære utsikta over UNESCO verdsarvområdet. Vi er det høgste utsiktspunktet i Europa som er tilgjengeleg via bilveg, og med vår moderne plattform med glasrekkverk får du ei heilt spesiell sveveoppleving.
Mange ulike familiar i Geiranger eig aksjar hjå oss, og har gjort det i generasjonar. Vi er skipa for å gjere naturarven tilgjengeleg for alle, på våre eigne premissar. Som lokalt eigd bedrift bidreg vi direkte til verdiskaping og arbeidsplassar i Geiranger. Vi samarbeider tett med andre lokale aktørar, brukar lokale leverandørar når det er mogleg, og er ein viktig del av reiselivsopplevinga i regionen.
Har du spørsmål?
Vi er her for å hjelpe deg!
Opningstider
Til vanleg opnar vi for sesongen midt i mai, og stengjer i september.
Vegen og utkikspunktet
ca. mai–september
Butikk, kafé og toalett
mai–14.juni
15. juni–15. august
16. august–september