Gruppeoppleving 1500 meter over verdsarven

Eit stopp ved Geiranger Skywalk Dalsnibba gir gruppa di ei felles oppleving dei kan få hakeslepp av.

Vi har teke imot grupper frå heile verda sidan 1939, då lokale pionerar bygde vegen til toppen. I dag er anlegget vårt spesielt tilrettelagt for grupper, med god plass til bussar, eigne servicetilbod og fleksible løysingar for både planlagde besøk og spontanstopp.

Lyst på ei toppoppleving?

Kontakt oss for spesialtilbod og tilpassa opplevingar for grupper og agentar.

praktisk informasjon

Planlegg opplevinga

Alt du treng å vite for eit vellykka besøk.

Opningstider for grupper

Vegen er open heile døgnet i sesongen (til vanleg frå ein gong i mai og til september).

Butikk og kafé

Kafé og suvenirbutikk med lokale produkt, turklede og reiseminne.

Bussparkering

God kapasitet rett ved anlegget.

Toalett

Moderne fasilitetar tilgjengeleg for alle gjester i opningstidene for butikk og kafé.

Universell utforming

Heile anlegget er tilgjengeleg for alle.

Billettordning

Eige system for gruppebestilling. Kontakt oss og avtal dette.

For turoperatørar

Profesjonelt tilrettelagt for turoperatørar

Som turoperatør veit du at det er dei unike opplevingane som skil reisa di frå andre. Her får du:

  • Europas høgste fjordutsikt frå bilveg
  • tilrettelagd parkering for bussar av alle storliekar
  • fleksible avtalar tilpassa gruppene dine
  • servering for grupper i alle storleikar
  • kanelbollen vår – berømt blant bussjåførar og guidar

Vi samarbeider med turoperatørar frå både norske og internasjonale selskap.

mat og pause

Nyt gode smakar på toppen av Noreg

Etter både lange og korte reiser treng alle ein pause. I kafeen vår kan vi by på:

  • varm drikke og søte kaker
  • lunsj tilpassa gruppestorleik
  • take-away-løysingar for grupper på farten
  • kanelbollen vår – berømt blant bussjåførar og guidar

For større grupper kan vi organisere servering i Dalsnibbasalen med panoramautsikt. Vi kan også tilby pop-up kafé med ekstra serveringskapasitet i høgsesongen. Vår erfaring med internasjonale gjester sikrar at vi kan møte ulike diettar og ønskjer.

opplevingar

Gjer besøket meir minneverdig

Dalsnibbasalen - rom med utsikt

Vår unike arrangementssal med panoramautsikt over fjella er perfekt for:

  • gruppeservering i eigne lokale
  • mindre konferansar og samlingar
  • eksklusive mottakingar utanom ordinær opningstid
  • ein roleg pause frå reisa i private omgjevnader
Kulturoppleving i fjellet

På utvalde datoar og etter avtale kan vi tilby:

  • konsertar i Dalsnibbasalen
  • pop-up-kafé med utvida servering
  • lokale kulturarrangement

Ofte stilte spørsmål

Her finner du svar på vanlege spørsmål fra turoperatørar, agentar og grupper som besøker oss.

Er det trygt for bussar å køyre opp?

Ja, vegen er dimensjonert for bussar og blir vedlikehalde til høg standard. Vegbredda tillèt møtande trafikk, og det er møteplassar der vegen er smalare.

Har de spesielle grupperabattar?

Ja, vi tilbyr eigne prisar for grupper. Kontakt oss for prisar basert på gruppestorleik og eventuelle tilleggstenester.

Kor lang tid bør vi sette av til besøket?

Vi anbefaler 30-45 minutt for eit godt opphald, inkludert tid til fotografering og å nyte utsikta. Med matpause og/eller andre aktivitetar bør du rekne 1–1,5 time.

Kan vi forvente å sjå fjorden frå toppen?

Vêret i fjellet kan endre seg raskt. På klare dagar ser du heilt til havet, medan skyer og tåke kan gi ei heilt anna, men like magisk oppleving andre dagar. Sjekk webkameraet vårt før besøk for oppdaterte forhold.

Korleis bestiller vi ekstraoppleving som historiefortelling eller bruk av Dalsnibbasalen?

Desse tenestene må bestillast på førehand. Kontakt oss direkte med ønskjer og datoar, så vil vi bekrefte tilgjengelegheit og pris.

Har du spørsmål?

Kontakt oss for mer informasjon og hjelp.

Opningstider

Til vanleg opnar vi for sesongen midt i mai, og stengjer i september.

Vegen og utkikspunktet

ca. mai–september

00:00–23:59

Butikk, kafé og toalett

mai–14.juni

09.30–17.00

15. juni–15. august

09.00–18.00

16. august–september

09.30–17.00