Brøyting mot vêr og vind: Slik opnar vi Nibbevegen

Når resten av landet går inn i vårmodus, ligg enno Nibbevegen under fleire meter snø. Før Geiranger Skywalk Dalsnibba kan opne for sesongen, må vi kjempe mot naturkreftene.

Naturens eigne utfordringar

Når påska er over og vårsola begynner å varme i dalsidene, byrjar arbeidet med å få Nibbevegen klar. Medan Geiranger sentrum kler seg i vårgrønt, ligg framleis tjukke lag med snø over vegen til Dalsnibba.

"Nokre år kan det vere snø på fleire meters djupne," fortel dagleg leiar Ann Kristin Mossberg. "Det er eit skikkeleg puslespel av planlegging, timing og tolmod."

Frå snømasse til køyrbar veg

Store hjullastarar og frese-maskiner banar seg veg gjennom snømassane, bit for bit. "Vi byrjar sjølvsagt nedanfrå og arbeider oss oppover," forklarar Ann Kristin. "Det er ein gammal veg med mange svingar og smale parti."

´

Tidlegare nytta ein heilt andre metodar. "Før i tida hadde dei myldehus langs vegen med mold, slik at dei kunne legge jord på snøen," fortel sals- og marknadssjef Mari-Linn. "Den svarte jorda hjelpte snøen å smelte raskare."

Meir enn berre snørydding

Når snøen er borte, byrjar det verkelege arbeidet.

"Hovudmålet vårt er å gjere vegen trygg og lett å køyre for alle gjestene våre," seier Ann Kristin.

I tillegg må anlegget på toppen klargjerast. "Folk tenkjer ikkje over det, men anlegget er teknisk avansert," påpeikar Mari-Linn. "Vi må sjekke straum, aggregat og alle system. Alt skal fungere perfekt på 1500 meters høgde, der vêrforholda kan vere utfordrande."

Vêret bestemmer datoen

Det store spørsmålet kvar vår er: Når opnar vegen?

"Vi kikkar på historikken, men til sjuande og sist er det vêret som bestemmer," seier Ann Kristin. "Sikkerheit kjem alltid først. Ein dag med sol kan fort bli avløyst av skikkeleg snøvêr i mai."

Dette er grunnen til at opningsdatoen varierer frå år til år:

  • 2024: 15. mai
  • 2023: 24. mai
  • 2022: 31. mai
  • 2021: 21. mai
  • 2020: 12. juni

Første dagen på toppen

Når alt er klart, og vegen endeleg kan opnast, er det ei spesiell kjensle å komme til topps.

"Den første dagen med gjester er alltid magisk," fortel Mari-Linn. "Folk blir så begeistra når dei ser utsikta for første gong. Det er det som gjer alt arbeidet verdt det – å sjå folk miste munn og mæle når dei står på Geiranger Skywalk."

Er du nysgjerrig på korleis vêrforholda er på Dalsnibba akkurat no? Sjekk webkameraet på framsida vår og planlegg besøket ditt til Europas høgste fjordutsikt frå bilveg.

Vegstatus

Vegen opp til oss er no open

Hos oss er du i trygge hender, men naturen lever sitt eige liv i høgfjellet. Vi gjer alt vi kan for å gjere besøket ditt trygt og komfortabelt, medan du nyt opplevinga på eige ansvar. Ta alltid omsyn til vêr og føreforhold.

Vegstatus

Vegen opp til oss er no stengt

Vi ventar at vegen opnar i løpet av mai månad.

Hos oss er du i trygge hender, men naturen lever sitt eige liv i høgfjellet. Vi gjer alt vi kan for å gjere besøket ditt trygt og komfortabelt, medan du nyt opplevinga på eige ansvar. Ta alltid omsyn til vêr og føreforhold.