Lokalt eigarskap og levande drift på Geiranger Skywalk
Geiranger Skywalk Dalsnibba er eigd og driven av folk frå bygda. Det har alltid vore slik – heilt sidan dei første tankane om å byggje veg til fjells blei lufta i 1881. Og det er slik vi ønskjer å halde fram.
Når du kjem opp til plattforma på 1500 meter, møter du meir enn utsikt. Du møter eit stykke lokal vilje, omsorg og pågangsmot.
– Det er viktig for oss å vere til stades med eigne hender og hovud, seier dagleg leiar Ann Kristin Mossberg. – Dette er ikkje berre ein attraksjon. Det er ein del av Geiranger.
Eiga drift frå topp til fjord
Geiranger Skywalk er eigd av Geiranger Skysslag – lokalt forankra, med røter attende til dei første bilane i fjordarmen. Skysslaget driv Dalsnibba som heilskap: Vi har ansvar for vegen, for butikken, for utsikta – og for opplevinga.
– Det handlar om tilknyting, seier Mari-Linn Hole Bergerud. – Når du har vakse opp med fjellet, slik vi sunnmøringar har, ønskjer du også å ta vare på det. Det gir meining å vite kven som eig noko – og kva det eigentleg betyr.
Verdien blir verande i bygda
Dalsnibba er eit symbol. Men det er også ei arbeidsplass med verdiskaping, ansvar og aktivitet. Overskotet går ikkje til andre stader – det går tilbake til vedlikehald, drift og utvikling av Geiranger Skywalk Dalsnibba.
Når du kjøper billett og køyrer opp vegen, er du også med på å dekke dei faktiske kostnadene med å halde alt i orden.
– Det kjem kanskje som ei overrasking, seier Ann Kristin. – Men det er ekte. Pengane frå billettinntektene går til brøyting, drift, folk og forbetringar.
Vi møter gjestene sjølve
Det er vi som sørgjer for at vegen blir brøyta, vi som står i kafeen og butikk. Det er vi som svarar på spørsmåla, og vi som nikkar i møte med folk frå fleire kontinent. Det gir noko ekstra. Staden blir ein forlenging av det vi sjølv bryr oss om. – Vi er ikkje berre ansvarlege for utsikta – vi bryr oss om historia og framtida òg, seier Mari-Linn.
– Difor gjer vi ikkje dette for kortsiktig vekst. Vi gjer det fordi dette er noko vi ønskjer å gi vidare. Det handlar om å vere her, og vere til nytte. Å opne fjellet kvar vår. Å få det til å fungere for alle. Å tenkje: Dette skal vi bevare, sier Ann Kristin.
Etter 80 år med Nibbevegen og ti år med Geiranger Skywalk, veit vi at erfaring, folkekjensle og tilknyting betyr meir enn eit blankt reklamekonsept. Og det er kanskje derfor så mange legg merke til det – sjølv utan at vi seier noko: Det er noko ekte her.
Vegstatus
Vegen opp til oss er no open
Hos oss er du i trygge hender, men naturen lever sitt eige liv i høgfjellet. Vi gjer alt vi kan for å gjere besøket ditt trygt og komfortabelt, medan du nyt opplevinga på eige ansvar. Ta alltid omsyn til vêr og føreforhold.
Hos oss er du i trygge hender, men naturen lever sitt eige liv i høgfjellet. Vi gjer alt vi kan for å gjere besøket ditt trygt og komfortabelt, medan du nyt opplevinga på eige ansvar. Ta alltid omsyn til vêr og føreforhold.