Europas høgste fjordutsikt frå bilveg – 1500 meter

Tenk deg at du står på ein fjelltopp, trekkjer inn frisk fjelluft og nyt utsikta over snødekte fjell, Unescos verdsarvsområde og Geirangerfjorden. Alt dette – og meir til – kan du få oppleve på Dalsnibba. Og veit du kva? Du treng ikkje gå eit einaste steg.

Status Nibbevegen

Nibbevegen er open frå kl 10.00 - 17.00
Endring av opningstider og stenging av veg kan skje på kort varsel ved fare for snø. Dette vil bli informert om på sosiale medier.

Bestill billettar

Bestill billettar til bomvegen

Webkamera

Direktebilder frå toppen

Finne fram

Veibeskrivelse og kart

Geiranger Skywalk

Heim

Geiranger Skywalk opna i 2016. Underlaget består av rister, og rekkverket er av glas. Dermed kan du sjå rett ned til sentrum og Geirangerfjorden samt til fjella og Blåbreen. Med eit fritt fall på omkring 500 meter får du kjensla av å sveve – sjølv om du naturlegvis står heilt trygt.
Gå til Geiranger Skywalk

Butikk og kafé

nibbehuset-solnedgang700x200

I Geiranger Skywalk Shop finn du suvenirar, reiseminne, klede frå Devold og Skogstad, lokalmat og kioskvarer.
Sjå våre fasilitetar på Dalsnibba

Opplevingar døgnet rundt

solnegang-butikk-fc

På Dalsnibba ventar opplevingane på deg heile døgnet. Nyt den magiske soloppgangen eller solnedgangen over verdsarvområdet. Mot slutten av sesongen er det kanskje den spektakulære stjernehimmelen ei mørk augustnatt som gir deg eit minne for livet.
Gå til Naturopplevingar

Nibbevegen

nibbeveien-sykkel700x200-fc

Vegen opp til Dalsnibba er eit av dei mest ambisiøse vegprosjekta vi har sett i Noreg og stod ferdig i 1939. Undervegs finn du skilt som fortel den unike historia til vegen, som består av hårnålssvingar og er ei oppleving i seg sjølv. Dessutan gir han deg ein liten forsmak på den spektakulære utsikta som ventar deg på toppen!
Gå til Bildegalleri