Vi ønskjer de velkomen til ein sesong på Dalsnibba snart.
Vi har starta å brøyte på Nibbevegen (vegen opp til Dalsnibba) så det nærmar seg opning.
Vi skal til å byggje ut butikken på Dalsnibba, og i den anledning vil det i år vere ein del anleggsarbeid.
Det er mogleg at vi i korte perioder er nødt til å stenge vegen/platået/butikken på grunn av anleggsarbeidet.
Vi ber om forståing for dette.
Informasjon om stenging vil bli gitt når vi veit meir.
Velkomen når vi opnar vegen!