For å komme til Dalsnibba køyrer du Nibbevegen, som er eit av dei mest ambisiøse vegprosjekta vi har sett i Noreg. Vegen blir rekna som eit av dei fremste symbola på turisttrafikken i Geiranger, og turen opp til Dalsnibba er ei oppleving uansett når du kjem. Vegen er asfaltert og har god kapasitet med fleire busslommer.

Med eigen bil/bubil/motorsykkel

Frå Geiranger er det ca. 30 minutts køyring opp til Dalsnibba. Vegen er ei oppleving i seg sjølv, og det er mange fine fotomotiv undervegs.

Slik bruker du bompengeautomaten

Vegen til Geiranger Skywalk Dalsnibba er døgnopen i sommarhalvåret. Billett kan du anten bestille på førehand her eller kjøpe direkte ved bommen. I høgsesongen er bommen bemanna, elles er det automatbetening. Ved førehandsbestilling anbefaler vi at du lastar ned eller skriv ut billetten før du kjem, sidan det er dårleg dekning i området. Billetten skannar du ved bommen.

header29-dalsnibba

Avstandar

Frå Geiranger sentrum 21 km 30 min
Frå Stryn 80 km 60 min
Frå Grotli 15 km 20 min
Frå Ålesund 130 km 2 timar 30 min

Du kan også ta turen til Geiranger Skywalk Dalsnibba med