Geiranger Skywalk
– ei garantert luftig oppleving

Det er ei magisk oppleving å gå ut på platået og sjå gjennom ristene og rekkverket av glas. Du kan kjenne vinden kome opp gjennom ristene og få kjensla av at du går på skyene. Du vil rett og slett oppleve den spektakulære utsikta til Geiranger, fjorden og fjella rundt på ein heilt ny måte.

Opplev turen frå Geiranger sentrum til Geiranger Skywalk Dalsnibba.

Sjå korleis Nibbevegen blir brøyta opp om våren. Filmen er laga berre nokre få dagar før opninga av sesong 2017.

Panoramautsikt

geiranger-skywalk-4

Underlaget består av rister, og rekkverket er av glas. Dermed kan du sjå rett ned til sentrum og Geirangerfjorden, til fjella og til Blåbreen. Med eit fritt fall på omkring 500 meter får du kjensla av å sveve – sjølv om du naturlegvis står heilt trygt.

Parkering

Utsikt Dalsnibba

Geiranger Skywalk har to parkeringsplassar: Den øvre parkeringsplassen ligg oppe på platået og er tilrettelagd for handikappa, buss og bil. Vel du i staden å parkere på den nedre parkeringsplassen, kan du gå den 300–400 meter lange gamlestien opp til Geiranger Skywalk.