Velkomen inn! Her finn du både butikk, kafé, selskapslokale og toalett.

Opningstider kafé og butikk

Mai - 14. juni
09.30 - 17.00
15. juni - 15. august
09.30 - 18.00
16. august - september
09.30 - 16.30

På baksida av bygget er det toalett.

Geiranger Skywalk Shop

I vår Skywalk Shop finn du unike Geiranger Skywalk-produkt, klede frå Skogstad og Devold, reiseminne, Geiranger-sjokolade og kioskvarer.

geiranger-skywalk-shop

Geiranger Skywalk Café

I kafeen serverer vi kanelsnurrar, kaker, vaflar, påsmurde sandwichar, kaffi, te og mineralvatn. Set deg gjerne ned i kafeen og nyt utsikta over Geirangerfjorden, eller varm deg framfor peisen.

geiranger-skywalk-cafe

Selskapslokale

Selskapslokale som passar til alle høve, og som har nydeleg utsikt til fjella rundt. Ønskjer du å leige selskapslokalet, kan du lese meir her.

selskapslokaler-bordsetting-small

Viscope-kikkert

Med Viscope-kikkerten får du 360-graders utsikt over heile området. Dessutan får du vite namna på fjella du kikkar på, kva retning du ser i, og i kva retning for eksempel Oslo, Bergen og Svalbard ligg. Informasjonen tilpassar seg etter kvart som du beveger kikkerten.

viscope-kikkert