PRAKTISK INFORMASJON
For å komme til Dalsnibba køyrer du Nibbevegen, som er eit av dei mest ambisiøse vegprosjekta vi har sett i Noreg. Vegen blir rekna som eit av dei fremste symbola på turisttrafikken i Geiranger, og turen opp til Dalsnibba er ei oppleving uansett når du kjem. Vegen er asfaltert og har god kapasitet med fleire busslommer.
Med eigen bil/bubil/motorsykkel
Frå Geiranger er det ca. 30 minutts køyring opp til Dalsnibba. Vegen er ei oppleving i seg sjølv, og det er mange fine fotomotiv undervegs.
Slik bruker du bompengeautomaten
Vegen til Geiranger Skywalk Dalsnibba er døgnopen i sommarhalvåret. Billett kan du anten bestille på førehand her eller kjøpe direkte ved bommen. I høgsesongen er bommen bemanna, elles er det automatbetening. Ved førehandsbestilling anbefaler vi at du lastar ned eller skriv ut billetten før du kjem, sidan det er dårleg dekning i området. Billetten skannar du ved bommen.
Avstandar
Frå Geiranger sentrum | 21 km | 30 min |
Frå Stryn | 80 km | 60 min |
Frå Grotli | 15 km | 20 min |
Frå Ålesund | 130 km | 2 timar 30 min |