
PASSERING AV BOM
For å køyre opp til Dalsnibba må du først betale bompengar. Det gjer du ved bomstasjonen i første del av Nibbevegen. Nedanfor finn du framgangsmåte for betaling og passering av bommen. Når bommen er bemanna, kan du òg få hjelp i billettluka.
Slik bruker du bompengeautomaten
Bil og motorsykkel – kort eller kontant
- Automaten stilt inn på bil/mc – ikkje trykk noko.
- Betal med kort, eller legg på myntar. Du må ha nøyaktig beløp, sidan automaten ikkje vekslar.
- Trykk Billett for å få billett/kvittering.
Buss – bompengar må betalast med kort
- Trykk «Takst 2».
- Sett inn kortet. Ingen PIN-kode.
- Trykk Billett for å få billett/kvittering.

Veksleautomat
Ved bomstasjonen finn du også ein veksleautomat. Veksleautomaten står rett til venstre for bomautomaten. Her kan du veksle norske setlar til myntar:
- Før inn setelen (NOK 100/200/500).
- Ta myntane som kjem ut.
- Gå vidare til bompengeautomaten for å betale.