Vi på Geiranger Skywalk – Dalsnibba 1500 meter ønskjer dykk ei riktig god jul og godt nyttår.
2016 har vore eit godt år for Geiranger Skywalk – Dalsnibba 1500 meter. Vi hadde i år eigen fres som gjorde at vi hadde rekordtidleg opning av Nibbevegen i midten av mai. I juni var den nye plattforma klar for bruk. I august hadde vi den offisielle opninga og døypinga av plattforma Geiranger Skywalk. Nibbevegen var ope heilt til 20. oktober! Det har vore rekord-år for oss på fleire måtar; tidleg opning og ikkje minst rekord på besøkjande.
![Geiranger Skywalk](https://dalsnibba.no/wp-content/uploads/2016/12/Geiranger-Skywalk-Dalsnibba-Bilde-1-290x300.png)
Foto: 360AirCam- Arild Solberg
Vi skal også neste år ha eigen fres så vi håpar på tidleg opning også neste år. Frå januar vil det vere muleg å booke bompassering på våre heimesider www.dalsnibba.no. Meir informasjon om booking vil bli sendt ut på nyåret.
Vi vil takke alle som har vore hos oss i år og ønskjer dykk hjarteleg velkomen til ny sesong i 2017.