Sving for sving

Dei fleste vegar tek deg frå A til B. Denne tek deg til topps. Bokstaveleg talt.

11 hårnålsvingar, 5 kilometer og stigning på over 400 høgdemeter – Nibbevegen er draumen for motorsyklistar, sportsbilar og alle som likar presisjon, puls og panoramautsikt.

Nibbevegen – ein veg for oppleving

Når du kjem til endes, så kjem du ikkje lenger. Dette er Europas høgaste fjordutsikt du kan køyre deg til – kanskje den høgste i verda. Frå Djupvatnet til Dalsnibba slyngar vegen seg oppover 470 høgdemeter. Kurvene følgjer terrenget som nøye koreograferte dansesteg. Utsikta endrar seg sving for sving gjennom landskapet.

Du får ikkje berre ei rå køyreoppleving – du får noko dei fleste andre vegstrekningar ikkje gir:

- Ein veg bygd, eigd og vedlikehalde av oss som er herifrå

- Du kjem høgare enn Trollstigen og Nasjonal turistveg Geiranger

Nibbevegen er ikkje berre vegen til topp utsikt. Vegen er ei oppleving i seg sjølv.

For deg på to eller fire hjul

Her handlar det om kjensla. For motorsyklisten: vinden møter visiret, kroppen kjenner kvar sving. For sportsbilentusiasten: kontroll, linjeval, akkurat passe gasstrykk. Returen? Kanskje endå betre – for då ser du landskapet med nye auge. Du bremsar inn. Girar ned. Legg deg pent gjennom svingen.

Kanskje er du heldig og ser ein fjellrev eller ein villreinflokk. Ser du opp kan du ofte sjå ørna. Og ser du rundt deg kan du ofte suse ganske aleine, eller treffe likesinna. Bilar frå Porsche, BMW, Alfa Romeo, MG – og kanskje ein veteranbil eller to – dukkar ofte opp på Dalsnibba.

Det er fleire høve til å stoppe undervegs, og ta bilete av landskapet. Og bilen eller motorsykkelen din.

Dette er ei vegstrekning du hugsar. Perfekt asfalt, passe bratt, og ein finale som får deg til å gape av begeistring.

Praktiske tips – før du vrir om nøkkelen

• Open frå ca. midten av mai til september – avhengig av snøforhold

• Tilgjengeleg heile døgnet i sesongen

• Mindre trafikk og nydeleg lys tidleg og seint på dagen

• Kjøp billett på nett eller i automat ved bom

• MC og bil har eigne prisar

• God parkering på toppen – også for motorsyklar

Når du kjem til toppen, kan du ta av hjelmen eller lukke dørene og trekkje pusten – for her ventar meir enn asfalt og utsikt.

Med kaffi, kamera og kanelbolle på toppen

Set deg ned hjå oss. I kafeen får du varm bolle i handa og fjordlandskap i blikket. Eller du kan stå på Geiranger Skywalk, og spegle deg i glassrekkverket, med motorsykkelen parkert berre nokre meter unna.

Ofte møter du andre som har kome same vegen – på to eller fire hjul. Her blir det delt ruter, bilete og tips – og kanskje eit vennleg nikk før dei forsvinn ned att i neste hårnålsving.

Kvifor hugsar du nokre vegar og gløymer andre?
Kanskje fordi du merkar dei i kroppen. Fordi dei krev noko av deg. Fordi du kjenner på det du køyrer gjennom – og ikkje berre suser forbi.
Du treng ikkje køyre fort.
Du treng berre køyre her.

Vegstatus

Vegen opp til oss er no open

Hos oss er du i trygge hender, men naturen lever sitt eige liv i høgfjellet. Vi gjer alt vi kan for å gjere besøket ditt trygt og komfortabelt, medan du nyt opplevinga på eige ansvar. Ta alltid omsyn til vêr og føreforhold.

Vegstatus

Vegen opp til oss er no stengt

Vi ventar at vegen opnar i løpet av mai månad.

Hos oss er du i trygge hender, men naturen lever sitt eige liv i høgfjellet. Vi gjer alt vi kan for å gjere besøket ditt trygt og komfortabelt, medan du nyt opplevinga på eige ansvar. Ta alltid omsyn til vêr og føreforhold.