Her møter du verdsarven i ro og fred, medan snøen framleis kler dei øvste toppane i kvitt.
Brøytekantar som turistattraksjon
For tidlegreisande er vegopninga sjølv ein attraksjon. Fleire meter høge snøveggar omkransar asfalten, eit syn som er like imponerande som fjordutsikta. Langs denne snøkorridoren køyrer du opp i ditt eige tempo. Her kan du oppleve vinteren medan resten av landet pyntar seg til 17. mai.
Stilla før høgsesongen
Tidleg i sesongen tilbyr Geiranger Skywalk Dalsnibba noko av det mest verdifulle i moderne tid: ro. Før turistbussane og sommarfarta tek til, kan du nyte utsikta mest for deg sjølv. Fjellufta er krystallklar, og ljoset spelar i snøen. Midt i arbeidet med å opne Europas høgste fjordutsikt frå veg, finn du lokale som tek årets første tur til fjells, og eit landskap som gradvis tilpassar seg sommaren. Her møter du fjellnaturen i ein fase få turistar får oppleve.
Praktisk for deg som reiser utanom høgsesongen
Vanlegvis opnar vi Nibbevegen i midten av mai, men dette kan variere av snømengdene. Vêret på 1500 meter er skiftande sjølv når sommaren har kome til fjorden. Ta med varme klede, solbriller og solkrem. Mai-sola på fjellet er sterk, og temperaturen kan svinge raskt med skydekket.
For dei som søker ei annleis oppleving, er Geiranger Skywalk Dalsnibba i mai eit eventyr verdt å oppleve. Her kan du nyte utsikta, ta dei perfekte bileta, og kople av i eit tempo som høyrer fjellet til.
Vegstatus
Vegen opp til oss er no open
Hos oss er du i trygge hender, men naturen lever sitt eige liv i høgfjellet. Vi gjer alt vi kan for å gjere besøket ditt trygt og komfortabelt, medan du nyt opplevinga på eige ansvar. Ta alltid omsyn til vêr og føreforhold.
Hos oss er du i trygge hender, men naturen lever sitt eige liv i høgfjellet. Vi gjer alt vi kan for å gjere besøket ditt trygt og komfortabelt, medan du nyt opplevinga på eige ansvar. Ta alltid omsyn til vêr og føreforhold.